Hopp til innhaldet

Personvernerklæring

Bilbruket AS er behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir samla inn gjennom bilbruket.no. Denne erklæringa fortel kva me samlar inn, kvifor, kor lenge me tar vare på det, og kva du kan krevje.

Kven me er

Bilbruket AS, org.nr. 915 637 078, Øvre Langhaugen 11, 5709 Voss. Du når oss på kundemottak@bilbruket.no eller 56 51 20 00.

Kva me samlar inn

Du kan lese heile nettsida utan å oppgi noko om deg sjølv. Det einaste stadet du gir oss opplysningar, er skjemaet «Spør om pris» for leigebil. Der ber me om:

  • namn
  • e-postadresse
  • telefonnummer
  • datoane du treng bil
  • kva biltype du ser etter
  • ei valfri melding frå deg

Informasjonskapslar

Fyrste gongen du er innom, spør me om du vil la oss setje informasjonskapslar (cookies). Seier du nei — eller lèt vere å svare — set nettsida ingen, og korkje Google Analytics eller Google Ads får noko frå deg. Tagg-behaldaren frå Google blir lasta med all sporing avslått frå start, slik at han kjenner valet ditt frå fyrste augeblink.

Me spør om to ting, og du kan seie ja til det eine og nei til det andre:

  • Statistikk (Google Analytics): kor mange som er innom og kva sider dei les. Kapslane heiter _ga, _ga_* og _gid, og varer i inntil to år.
  • Marknadsføring (Google Ads): kva annonse du eventuelt kom frå, slik at me ser kva annonsering som verkar. Kapslane heiter _gcl_au og _gcl_aw, og varer i 90 dagar.

Begge blir styrte gjennom Google Tag Manager. Behandlingsgrunnlaget er samtykket ditt, personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, saman med reglane i ekomlova om lagring av opplysningar i utstyret ditt. Du kan trekkje samtykket tilbake når som helst under «Informasjonskapslar» nedst på sida — det er like enkelt å angre som å seie ja. Valet blir lagra i nettlesaren din, ikkje hos oss.

Google Ireland Limited leverer begge tenestene, og opplysningane kan bli overførte til Google LLC i USA. Overføringa skjer på grunnlag av EU-kommisjonen sitt vedtak om tilstrekkeleg vern for verksemder tilslutta EU–US Data Privacy Framework.

Har du «Do Not Track» eller Global Privacy Control slått på i nettlesaren, blir alt avslått automatisk, og du slepp å svare på noko.

Kvifor me behandlar dei, og med kva grunnlag

Me brukar opplysningane til å svare deg med pris og kva bilar som er ledige — ingenting anna. Du får ikkje marknadsføring frå oss fordi du har fylt ut skjemaet.

Behandlingsgrunnlaget er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b: tiltak på oppmoding frå deg før ei eventuell avtale. Difor ber me deg ikkje om samtykke — du har allereie bedt oss om noko, og eit samtykke i tillegg ville berre vore ein ekstra klikk utan meining.

Kven andre ser opplysningane

Førespurnaden blir lagra i innhaldssystemet vårt og sendt på e-post til kundemottaket. Desse leverandørane behandlar data på våre vegner, og alle lagrar innanfor EU/EØS:

  • Vercel — drift av nettsida (Stockholm)
  • Bunny — database og bilete (Stockholm)
  • Amazon SES — utsending av e-post (Stockholm)
  • OpenFreeMap — kartet på kontaktsida, som ser IP-adressa di når kartet lastar

Me sel ikkje opplysningar vidare, og deler dei ikkje med nokon andre enn dei over.

Kor lenge me tar vare på dei

Førespurnader om leigebil blir sletta når dei ikkje lenger trengst — seinast tolv månader etter at me har svart deg. Har førespurnaden blitt til ei faktisk utleige, gjeld bokføringslova sine krav til oppbevaring i staden.

Rettane dine

Du kan når som helst be oss om:

  • innsyn i kva me har lagra om deg
  • å rette opplysningar som er feil
  • å slette opplysningane
  • å avgrense eller protestere mot behandlinga
  • å få opplysningane utlevert i eit maskinlesbart format

Ta kontakt på kundemottak@bilbruket.no, så ordnar me det. Du har òg rett til å klage til Datatilsynet dersom du meiner me handterer opplysningane dine feil.

Endringar

Blir denne erklæringa endra, oppdaterer me sida her. Vesentlege endringar varslar me om på framsida.